Kulturnett
Hordaland relansert 23. september 2005
Biblioteknett Hordaland blir ein integrert del
av det nye kulturnettet. Les
meir om omlegginga her
(13.09.05)
|

|
|
|
Kvam
folkebibliotek sin katalog er no søkbar på nettet!
Kvam
folkebibliotek har no fått katalogen sin ut på
Internett.
(19.05.05)
|
Eigen
forbrukar-terminal i Samnanger
Tysdag 5. april kl 15. vil Anne Råheim, leiar for forbrukarkontoret
i Hordaland og Sogn og Fjordane, opne den nye
publikumsterminalen i biblioteket på Tysse.
Terminalen er gitt til Samnanger folkebibliotek frå forbrukarkontoret.
Dette er den einaste terminalen av denne typen i
landet.
(04.04.05)
|
Gode
ord om Odda bibliotek!
Denne formiddagen har det vorte sagt gode mange gode
ord om Odda
bibliotek på Bibliotek Norge e-postlista, og i
Aftenposten. Hordaland fylkesbibliotek blir stadig
imponert over Margarethe, Siri, Birte og Linda i Odda,
og gjer vår fulle støtte til alt som har blitt sagt.
Dei som ikkje er medlemmar av e-postlista kan melde
seg inn på Nasjonalbiblioteket
sine heimesider og/eller finne innlegga i
e-postlista sitt arkiv.
(02.02.05) |
|
Hurra
for nytt bibliotek i Kvam!
13. november opna det nye hovudbiblioteket i
Norheimsund. Biblioteket ligg på gateplan i lyse og
triveleg lokaler i Høgenæsgården. Den nye logoen
til biblioteket er utarbeida av Inger Høj ved Grom
design, som gjennom eit hovudfag ved Kunsthøgskolen i
Bergen har utarbeida forslag til eit felles
profilprogram for dei norske folkebiblioteka. Arbeidet
hennar får mykje omtale for tida, og Kvam ligg i
forkant med sin nye |
|
grafiske
profil. Meir
om opninga finn du på Kvam herad sin nettstad.
(16.11.04) |
 |
|
Julemøte
på Norli
Tirsdag
23. november kl. 20.15 er det igjen duka for julemøte
på Norli Nr. 7 på Torgallmenningen. NBF avd.
Hordaland og NFF avd. Bergen inviterer medlemer og
andre til servering av litt vått og litt tørt, og
ein presentasjon av haustens bøker ved fagpersonalet
på Norli. Nytt høve til å handle julegåver i
julestemninga på Norli. Les
meir her.
(16.11.04) |
|
Nærinett
over i ny fase
Nærinett er no avslutta. Ragnar A. Audunson har
evaluert prosjektet som har gitt mange positive
resultat. Europakontoret arbeider vidare med å
utvikle VESTNETT
og vil vidareføre Nærinett i eit nytt prosjekt,
kalla Nærinett II. Her kan du
laste ned evalueringsrapporten frå Audonson (pdf.format).
(16.11.04) |
|